Finn Kalvik – Den Svalande Vind lyrics

Album: NøKkelen Ligger Under Matta

Å den svalande vind stryk om heiane inn,
Friskar opp i min sorgtunge hug
Å den svalar vel godt
Men det hjelper ikkje stort
Denne sorgi hev falle meg so tung

Attom fjelli i sør bakom vesle sæterdør
Der gjeng ho som gjer hugen min so stur
Ho som ligg i min tanke så gullande rein
Frå den kvelden ho lova bli mi brur

Og mitt hjarta det brann
då eg tok hennars hand
og eg varleg drog henne til meg inn
Ho var mjuk, ho var varm ho var fager, ho var fin
Og eg kjende kor ho skalv i armen min

Og eg kjende det straks
korleis motet det vaks
og kor kjærleiken i bringa strøymde på.
Og so spurde eg henne då med dirrande mål:
"Kan eg deg til min kjærast ein få?"

Desse ordi ho sa
og ho svara meg so glad:
"Kjem det solskin etter skyer og regn.
Og mitt ja eg deg gjev og so skal du og eg
liva livet i all sæle og fred."

Men du trulause møy
Eg som kunne for deg døy
Korleis kunne din hug seg såleis snu
Korleis kunne du gjeva burt hjarta ditt du
Som eingong heve lova bli mi brur

Men over heiane inn stryk den svalande vind
Friskar opp i min sorgtunge hug
Å, den svalar vel godt
Men det hjelper ikkje stort
Denne sorgi hev falle meg so tung

Submitted by Guest