Lillebjorn Nilsen – Vidvinkel stev lyrics

Album: Nære Nilsen

Lillebjørn Nilsen - Vidvinkel stev

Det var ein tidleg morgon at eg gjekk i skogen inn.
Eg fann ei edel kvinne der med roseraude kinn.
Eg sa: "Kva gjer ei møy som deg i svarte skogen her?"
"Eg tek snapshots med mitt kamera",
sa ho då eg kom nær.

"Det er ein merkedag det her, mi kjære møy" sa eg.
"For eg er òg ein fotograf med same mål som deg."
Så fekk ho ta min Nikon F i hennar kvite hand.
Ho, sa: "så flott eit apparat du har, min gode mann!"

Mitt kamera lika ho så vel, at utan ventetid
så opna ho den fløyelskledte kameraveska si.
"Slikt utstyr har eg aldri sett, mi kjære møy ... " sa eg.
"Lat meg få dra stativet ut, så tek vi same veg."

Så knipsa vi mot solefall og så mot låvedør.
Uvande vinklar fann vi flust som ikkje var funne før.
Ho hadde åpen blendar og lang eksponeringstid.
Eg hadde farga filter på mitt teleobjektiv.

Slikt lag med film og kamera har eg aldri sett, min ven!
Ho hadd'kje før fått rullen ut, så var ho budd igjen.
Og når til sist eg såg at det var slutt på filmen min,
- så fanga ho oss båe inn med sjølutløysar'n sin.

Ho sa: "Eg har hatt Kodak. Eg har hatt ein Hasselblad
Pentax og Minolta tykte eg var nokså bra.
Yashika og Olympus kunne også godt gå an.
Men å knipsa med din Nikon F var topp,
min gode mann!"

Submitted by Guest